Din lokale støttespelar for økonomiske arbeidsoppgåver og problemstillingar.

 
DSC_8925.jpg
 

Våre

Tenester


Revisjon

Vi tek på oss revisjonsoppdrag for små og mellomstore bedrifter, og har brei bransjeerfaring som sikrar effektiv revisjon for våre kundar.

Vi skal bidra til å utvikle bedrifta di – det skal vere nyttig for deg som kunde. I tillegg til å avgje revisjonsberetning, vil vi skape innsikt for potensielle forbetringar, effektivisering og internkontroll.

Rådgjeving og andre tenester

Vi ynskjer gjerne å vere din sparringspartner for økonomiske problemstillingar.
Vi tilbyr også utleige av personell til rekneskaps- og lønstenester for arbeid ute hos kunde (på eige eller Havtal sitt system). Vi har den heilskapsforståinga som skal til for å strukturere eller avlaste din organisasjon på økonomiske- og administrative oppgåver.

Rekneskap

Vi tilbyr tidsriktig og effektiv rekneskapsføring som sikrar fornuftig arbeidsdeling mellom oss og deg som kunde – via eigen brukartilgang har du alltid oversikt!

Vi tilbyr alle tenester som er naturleg i denne samanheng; rekneskapsføring, skanning, fakturering, lønnsføring, årsoppgjer og oppbevaring av lovpålagte spesifikasjonar.

Vi nyttar 24SevenOffice som rekneskapsføringsprogram. Her kan ein legge til integrerte løysingar for reiserekningar, lønn, prosjekt og fildeling. Rekneskapsføringa kan om ynskjeleg organiserast slik at du sjølv skannar og legg bilag direkte til betaling i bank frå systemet. Kvar kunde vil uansett ha eigen brukartilgang som legg til rette for potensiell arbeidsdeling, samt at du heile tida kan følgje med på resultatutviklinga. Det er opp til deg som kunde å avgjere kor aktiv du ynskjer å vere i høve eige rekneskap.

 
 

KVEN ER

Havtal


Havtal AS er eit revisjon- og rekneskapsselskap. Selskapet blei etablert hausten 2016 og har kontor på Hellestrand i Askvoll og Hardbakke i Solund (Solund Rekneskap). Vi har som målsetting å bli din støttespelar på økonomiske arbeidsoppgåver og problemstillingar. Vi skal bli ein samlingsplass for lokal kompetanse – våre kjerneverdiar er kvalitet, tillit og humør. 

 

dalsfjorden

Askvoll

Bjørn Klausen og Tor Einar Erikstad arbeider utifrå vårt kontor i Askvoll. Bjørn og Tor Einar er statsautoriserte revisorar og autoriserte rekneskapsførarar med fleire års erfaring innanfor revisjon, rekneskapsføring og generelle økonomiske problemstillingar frå ulike selskap.

Solund

Solund

Havtal er glad for å få moglegheita til kunne vere med å utvikle Solund Rekneskap vidare. Dei tilsette her sit blant anna på lang erfaring og spesifikk bransjekompetanse innanfor fiskeri, havbruk og sjøtransport!

 

Kontakt oss gjerne

For tilbod på revisjon og rekneskap, eller om du vil vete meir om kva vi kan hjelpe bedrifta di med.